Hyttene spelar ilag med det naturlege uttrykket i terrenget; gjennom uterom som blir danna, med materialbruk og fargebruk. Hyttene strekker seg frå sine platå og ut i det opne landskapsrommet.

Balansen mellom dette nære og det fjerne landskapsrommet gjev ein spanande kontrast i naturopplevingar. Samspelet mellom vegetasjon, topografi og bygning skal saman gje variasjon for ulike uterom.

Hyttene i Goddosen er prega av tradisjonelle, vestnorske materiale i eksteriør og interiør som underbygger den enkle og robuste formgjevinga. Ytterveggar blir utført i ulike slag trekledning og glas. Glasrammene blir i mørke jordtonar. Denne paletten gjev eit harmonisk samspel med omgivnadane der ein frå avstand ikkje kan skilje så lett kva som er en bygning og kva som er landskap.

I interiøret ser me føre oss stor bruk av tre – i form av kryssfiner og panel på vegger, tak og golv. Slitesterke og gylne flater som omsluttar og gjev intimitet i det opne landskapet.

I interiøret ser me føre oss stor bruk av tre – i form av kryssfiner og panel på vegger, tak og golv. Slitesterke og gylne flater som omsluttar og gjev intimitet i det opne landskapet.

Hyttene blir førte opp av den erfarne hus- og hyttebyggaren Berge Sag. Du vil få den beste oppfølging hos dei i byggeprosessen.

For meir informasjon, ta kontakt med oss!

Goddosen Panorama AS | 5430 Bremnes
T: 918 04 435 | post@goddosen.no

Fotografar:
 
Modellfoto - Vegard Røsland
Kajakkfoto - Finn Bakke
Naturbilder - Ranveig M. Nesse