Vest i havet, om lag der sola går ned, finn du Bømlo. Kommunen tel om lag 1000 øyar, holmar og skjer, og rundt 12 000 innbyggarar. Ved å kjøra E39 til Føyno og ta av mot vest finn du oss, midt mellom Bergen og Stavanger. Frå E39 kjører du fram til kommunesenteret Svortland på rundt 15 minutt. Legg du til 8-10 minutt er du ved Goddosen hyttegrend.

Goddo-kart

Hyttegrenda ligg på austsida av Goddo, med utsikt mot Rolfsneslandet og Kjøpholmen. Hytteområdet ligg ved fylkesveg 18 som går frå Hollundskjosen over Goddo ut til Brandasund.

Frå Urangsvåg til Brandasund svingar den spektakulære vegen seg mellom høge fjellskjeringar og over 6 bruer over dei ulike sunda. Bruene er frå ca 30 meter lengde til den lengste på 200 meter. Goddeebrua vart åpna i 1974 og gjorde Goddo landfast med resten av Bømlo.

Goddosen Panorama AS | 5430 Bremnes
T: 918 04 435 | post@goddosen.no

Fotografar:
 
Modellfoto - Vegard Røsland
Kajakkfoto - Finn Bakke
Naturbilder - Ranveig M. Nesse